11 pasientrom får splitter nye 42 tommers flatskjermar frå Haukelands venner til jul. Trygve Hillestad frå Haukelands venner troppa opp på Kirurgisk post 2 og overrekte julegåva sist fredag.
Julegåve til pasientar på Kirurgisk post 2: Frå venstre: ass. avdelingssjukepleiar Ørjan Dale Hiort, Avdelingssjef avdeling for urologi Christian Beisland, avdelingssjukepleiar Kjersti Hufthammar og Trygve Hillestad i Haukelands venner.
Seks av dei nye flatskjermane skal stå på Medisinsk avdeling og fem på Kirurgiske sengepostar i Sentralblokka. Skjermane er levert av Avab-Cac i Bergen.
Eldsjelene bak Haukelands venner starta i si tid Medisinsk Høyteknologisk Forskningsfond, som det då vart kalla, og har tidlegare samla inn fem millionar kroner til PET/CT scanneren på sjukehuset.
Saken er hentet fra Haukeland Universitetssykehus sine nettsider
Tekst og foto: Øyving Blom
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar