Haukelands venner er en venneforening som har som formål å gi pasienter og pårørende på Haukeland universitetssjukehus "det lille ekstra" slik at sykehusoppholdet blir så bra som mulig. Her kan du lese om små og store tiltak venneforeningen har satt i gang. Velkommen til å bidra du også!

lørdag 8. oktober 2011

Julaften i Foajeen: Stor vennefest på Haukeland

Haukeland sjukehus har mange venner. På julekveldskonserten i 2010 delte dei ut gåver i form av song, musikk, pengar, massasjestolar – og 200 elefantar. 

[alternativ tekst]
Anne Sophie og Tor Endresen med sin versjon av "The prayer", godt akkompagnert av mellom andre Lasse Fjellbirkeland (t.v.) og Bjarte Aasmul. Foto: Frode Lie

Gåvetradisjon Ei annan tradisjon som har vore fast dei siste åra, er at Medisinsk Høyteknologisk Forskningsfond har delt ut pengar dei har samla inn til medisinsk utstyr. I år hadde leiar Ingunn Hansen med seg ein sjekk på 1,1 millionar kroner som skal gå til da Vinci-roboten, ein kirurgisk robot som gjer behandlinga betre for mange pasientgrupper.
Sjukehusdirektør Stener Kvinnsland fekk 1,1 million kroner til daVinci-robot frå Medisinsk Høgteknologisk Forskningsfond v/Ingunn Hansen.

[alternativ tekst]
 Sjukehusdirektør Stener Kvinnsland tok i mot sjekken, og han kunne ikkje få fullrost nok givargleda som ligg bak tradisjonen med både konsert og pengegåver på julekvelden på Haukeland. Foto: Frode Lie

– Det er heilt fantastisk at vi har slike venner som ønskjer å bidra på denne måten for pasientane våre, sa Kvinnsland.

Venneforening
Men nytt av året er at alle venner av Haukeland no har fått si eiga forening. Dei samme ildsjelene som tidlegare har samla inn pengar til medisinsk utstyr, har no starta ei venneforening, Haukelands Venner.

- Vi skal vere ei forening for alle dei som ønskjer å bidra til det lille ekstra som kan gjere kvardagen betre for pasientane på sjukehuset, sa leiar Ingunn Hansen då ho delte ut gåver og oppmoda alle om å bli venner av sjukehuset.

[alternativ tekst]
Haukelands Venner delte ut mange gåver. Her får kulturbryggar Atle Halvorsen 25 Brann-drakter til eit fotball-lag for psykiatriske pasientar. Foto: Frode Lie

Avdelingar på sjukehuset har tidlegare sett opp ei ønskjeliste, og Haukelands Venner var julenisse og delte ut gåver slik at nokre av ønskene no kan strykast frå lista. Fire flatskjermar til pasientopphaldsrom, to massasjestolar, blender til å mikse gode drikker til pasientane, 20 spabehandlingar og 25 Brann-draktar til fotball-laget for psykiatriske pasientar. Og heile 200 mjuke, gode tøyelefantar som nok vil glede mange barn i året som kjem

– Vi har også fått inn fleire tiltalls tusen kroner frå venner av sjukehuset no i førjulstida som vi skal bruke på ein god måte for pasientane, fortalte Hansen. 
 
Og då gåvene var fordelt og allsang av Deilig er jorden tonet ut, vart nokre av pasientane trilla i seng tilbake til romma sine, nokre greide å ta seg fram på eiga hand, nokre hadde sine pårørande til hjelp. Og nokre kunne gå frå sjukehuset og heim til seg sjølve. Alle hadde dei fått ei gåve, både dei som ga og dei som fekk.
Heldig er det sjukehuset som har venner som desse!

Foajeen i Sentralblokka på føremiddagen julekvelden: Alvorleg sjuke pasientar låg i sengene sine, andre gjekk forsiktig rundt med bandasjane sine eller intravenøs-stativet. Pårørande trilla rullestolar, kvitkledde tilsette stoppa opp i travelheita. Alle ville vere med på song- og govefesten.

Song og musikk i 20 år
I 20 år har Rune Larsen, Tor Endresen og Helge Nilsen og ei lang rekke artistar stilt opp på julekvelden for å gi ei muskalsk gåve til pasientar, pårørande og tilsette på Haukeland. Det var derfor ein skikkelig jubileumskonsert der de tradisjonsrike julesongene og dei meir rocka julemelodiane kom som perler på ei snor.


(artikkelen er hentet fra Haukeland Universitetssykehus sine nettsider)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar